Informasjon om Jubileumsturnering for Leikanger Bridgelag:
Leikanger Bridgelag rundar 70 år i år. Dette vil vi markere med ei bridgeturnering i Fylkeshuset her på Leikanger laurdag den 11. mars 2017.
For startkontingenten (kr. 400,- pr. deltakar) får du flotte spelelokale, raus premiering, varm lunsj og te/kaffi gjennom heile dagen. Om kvelden, ikkje lenge etter at turneringa er ferdig, vert det samling på Café Herman for dei som ønskjer det, med eventuelt følgje. Her vert det sosialt samvær og eting/drikking etter eige ønskje for eigen kostnad.
Kjekt om de vil delta i turneringa for å vere med å feire 70-åringen.
Nærare informasjon om turneringa og påmeldingslogg finn du på NBF si heimeside:
http://www.bridge.no/ruter/turneringsinfo/1/2431
Er det nokon som treng hjelp til påmeldinga, så ta kontakt med Arnt Ola (97188903) eller Åsmund (90154551).