Det var lenge jamt måndag 12. desember, men på dei siste rundane drog Reidar Dale og Leif Juvik frå resten av feltet og vann ein klar siger. 65,1 % score blei det på dei, medan Ole og Laila Årland på andreplass stoppa på 55,6%. Siste pallplass gjekk til Per Skotheim - Hans Victor Koch med 53,2 %.
Resultat og spelstensilar
Siste spelekveld før jul blir neste måndag, med speling og stort julelotteri.
Hugs elles påmeldinga til juleturneringa vår på Nore Neset 2. juledag. Her er link til den. I skrivande stund er det vist problemar med NBF sin påmeldingsmodul så det lar seg ikkje gjera å melda seg på, men vi reknar med at det ordnar seg i løpet av ein dag eller to. Om ikkje får ta påmeldingane over telefon.
Vel møtt til siste spelekveld i 2016 neste måndag!