Ein solid siger i avslutningskampen mot avdelingsvinnarane frå Sogndal bidrog til at Hafslo/Solvorn, lag Hamrum, sikra plassen i årets 3.divisjon. Og denne gongen med sjeldan god margin. Det andre hafslolaget, lag Fredheim, ligg per no på nedrykksplass, men all sunn fornuft tilseier at forbundet gjer endringar som følgje av at to bergenslaget og eit høyangerlag ikkje fann vertilhøva trygge nok til å stille opp i helga!? Resultatlista ligg på heimesida til Sogn og Fjordane bridgekrins. Her har alle laga som som ikkje fekk spelt sine kampar fått 12 VP, inkludert dei tre laga som ikkje møtte opp. Gratulera so mykje til Sogndal, lag Mardal, som neste år er å finne i 2.divisjon!