8 bord på startstreken, framifrå julemat, premie til alle og hyggeleg stemning. Juleavslutninga var med andre ord som den brukar å vere, kanskje bortsett frå at denne kvelden var den kun sogndøler på pallen. Best vart Kai-Svein med ein soleklar førsteplass, følgt av Tor Henning-Øivind og utvilsomt mest imponerande av alle, Øystein på snart 90 i makkerskap med Rune på bronseplass.
Hafslo/Solvorn BK takkar for i år, ønsker alle god jul, og velkomne tilbake på nyåret, nærmare bestemt tysdag 6/1.