Terje Lie, BK Grand er norgesmester 2012. Denne bragda klarte han saman med leigesoldaten Nils Kåre Kvangraven, frå Kristiansand. (meir under...)

Det såg mørkt ut i midten av første sesjon då dei låg desidert sist. Dei nytta imidlertid dei komande sesjonane særs godt og forserte likegodt heile feltet. I sjette sesjon låg dei urokkeleg på 1. plass heilt til fløyta gjekk. Dei endte tilslutt ca 150 poeng foran nummer 2 Sam Inge Høyland og Trond Hantveit som representerte Top Bridge. Dei var dei einaste som var i posisjon til å true Lie og Kvangraven på slutten. 3. plass gjekk til NBF Oslo, Anders Fodstad og Gunnar Nordby.
Gratulerer Terje og Nils!!
Gratulerer også til Sunndalingane Asbjørn Kindsbekken og Roar Voll. Dei var berre 32 poeng frå pallen og havna på 4de plass, også dette knallbra!
Dette må seiast å vere ein jubeldag for kretsen.
Full resultatservice her.